12.1.06

Qumran, USA

Den store Qumran-utstillinga "Discovering the Dead Sea Scrolls" blir vist ved Discovery Place i Charlotte, North Carolina 17. februar - 29. mai 2006, og deretter ved Pacific Science Center i Seattle, Washington 23. september 2006 - 7. januar 2007. For oss som ikkje har planar om å reise til USA i år, finst det virtuelle presentasjonar også av denne utstillinga, både frå Charlotte og frå Seattle.

Programmet i Charlotte inkluderer ei imponerande rekkje føredrag (klikk på "Distinguished Lecture Series") av leiande Qumran-forskarar. Dei ansvarlege i Seattle håpar på 250 000 tilskodarar i løpet av dei hundre dagane utstillinga er open, fortel Seattle Post-Intelligencer. Billettsalet er alt i gang begge stader.

Kvifor qumran.no bryr seg om å fortelje om ei utstilling på eit anna kontinent? Vel, det er svært sjeldan mogleg å sjå fragment frå Qumran-funna andre stader enn i det spesiallaga museet "Shrine of the Book" i Jerusalem. Ikkje berre er materialet svært verdifullt, det er også ekstremt skjørt og sensitivt for lys, temperatur og fuktgrad.

(Tipset om Seattle-utstillinga kjem frå PaleoJudaica.com)