9.1.06

Qumran, Paris

Om du skulle treffe til å vitje Paris før 30. april 2006, kan du visstnok sjå eit par ekte Dødehavsrull-fragment i den interessante utstillinga Torah, Bible, Coran: livres de parole i Bibliothèque Nationale de France. Om ikkje, kan du vitje den virtuelle versjonen av utstillinga. Her kan du mellom anna sjå eit fragment av 3. Mosebok i gammalhebraisk skrift, forutan fragment av Samuelsbøkene. Så vidt eg kan forstå, er dette fragment som er i bibliotekets eige.

(etter tips frå PaleoJudaica.com)