31.1.06

Metusalem

- eller Metusjalah - er namnet på den lengstlevande bibelske patriarken. Men det er også namnet på ei nokså spesiell daddelpalme, eller i det minste: Ei spire til ei daddelpalme. Metusalem er dyrka fram av eit nesten 2000 år gammalt frø som blei funne på ørkenfestninga Masada. Det heiter at dette er det eldste frøet som nokon gong har vore dyrka fram.

Heile historia kan du lese hos Arutz Sheva - Israel National News - men ta med deg dei kritiske merknadene frå Paleojudaica.com også. Etter ymse avsløringar av forskarfusk blir ein jo litt skeptisk. Og dette er unekteleg eit emne som kan bli gjenstand for temmeleg vidløftige spekulasjonar, både av naturmedisinsk og metafysisk art ...