29.1.06

Qumran, Noreg

Nokre få fragment av "Dødehavsrullane" og ein del gjenstandar frå Qumran er faktisk i norsk eige. Dei høyrer til den no så berømte Schøyen-samlinga.

Martin Schøyen har tidlegare vore mest kjent for buss-selskapet han dreiv i mange år. Men han har også i det stille vore ein av verdas mest aktive private samlarar av gamle manuskript. I seinare år har han gjort samlinga si offentleg kjend, mellom anna i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.

Hausten 2004 sendte NRK Brennpunkt dokumentaren "Skriftsamleren" (del 1, del 2), som sette eit kritisk søkjelys på fleire sider ved Schøyen-samlinga. Særleg blei det mykje diskusjon om legaliteten av ei stor samling buddhistiske dokument frå Afghanistan, og Schøyen har levert mange dokument attende.

Når det gjeld Qumran-samlinga til Schøyen, er det ikkje grunn til å stille tilsvarande spørsmål, opphavet og eigedomsretten er godt dokumentert. Men det er samtidig klårt at slike private samlingar reiser viktige prinsipielle problemstillingar. Oldfunn som no kjem for dagen i det aktuelle området, er israelsk nasjonaleigedom. Men det finst framleis ein privat samlarmarknad. Saka Eshel, som eg tidlegare har nemnt på qumran.no, ser ut til å ha element av dette i seg, i alle fall frå synsstaden til Israel Antiquities Authority. Men her er det mykje som framleis er uklårt.

Fragmenta i Qumran-samlinga til Schøyen er ikkje store, men dei er viktige nok. Lenge trudde ein at eit par av dei var blanke, men gjennom ny fotografisk teknologi er det blitt mogleg å "sjå" den heilt utviska skriften på fragmenta.

Vel så viktige er gjenstandane. Schøyen eig mellom anna eitt av dei få blekkhusa som er funne i Qumran, og som provar skrivaraktivitet på staden, ei stor krukke spesiallaga for lagring av skriftrullar, og eit røykjelsealtar av bronse.

Så vidt eg veit, har det berre vore ei utstilling av Qumran-materiale frå Schøyen-samlinga i Noreg: I Domus bibliotheca (Juridisk fakultetsbibliotek) ved Universitetet i Oslo 29.07.-07.08.1998, i samband med den store kongressen til International Organization for the Study of the Old Testament (IOSOT).