20.2.06

Tidsskrift

Qumran-forskinga har generert sine eigne tidsskrift. Det Paris-baserte Revue de Qumrân har vore nedleggjingstruga (og for alt eg veit, kan det no vere nedlagt). Men nederlandske Brills Dead Sea Discoveries er høgst oppegåande, også i elektronisk utgåve. Desse tidsskrifta høyrer nok til i den akademiske enden av skalaen, med artiklar av til dels svært teknisk art. Men du kan gjerne ta ein titt på nr. 1/2005, eit temanummer om "The Dead Sea Scrolls in Popular Imagination". Det er lagt ut som gratisprøve i fulltekst (.pdf-filer).

Oppdatering, 05.03.06. Årstein Justnes melder frå Kristiansand at Revue de Qumrân lever og har det bra. Det var godt.