27.2.06

Jerusalem-modellen

Arne Berge melder:
The Holyland Model er ein stor modell (målestokk 1:50) som viser koss ein tenkjer seg at Jerusalem såg ut før byen blei øydelagt av romarane i år 70. Det vil også seia at modellen dekkjer den tidsperioden som Det nye testamentet skildrar, og den er derfor interessant for alle som reiser til Jerusalem for å læra meir om Jesu liv. ... Modellen ligg ved Holyland Hotel i utkanten av Jerusalem. Nå blir det meldt at modellen skal flyttast til området ved The Shrine of the Book på Israel Museum.
Eg tar dette førebels som ei ubekrefta melding. Eg har saka frå eit oppslag på Porten til Midt-Østen som igjen byggjer på ein artikkel i den israelske avisa Haaretz. På modellen si nettside er flyttinga ikkje nemnt.
Veldig interessant. Eg støttar varmt anbefalinga til Arne (sjå innom posten hans for mange fine peikarar). Jim Davila har sitert den aktuelle Ha'aretz-artikkelen på PaleoJudaica.com.