30.12.05

Biblioblogging

Den nye framsida på qumran.no er ein blogg (eller "weblog", som det heiter på nynorsk, altså "vevlogg"). qumran.no-bloggen er inspirert av ei stadig aukande gruppe bibelforskarar som nyttar bloggen som publiseringsmedium, "bibliobloggers", som dei kallar seg. I haust har "Biblioblogging" vore tema for ein eigen sesjon under verdas største kongress for bibelforskarar, årsmøtet til Society of Biblical Literature i Philadelphia 20. november (skriv "blog" som Keyword i søkeskjemaet).

Mest interessant for lesarar av qumran.no er utan tvil PaleoJudaica.com, den svært ambisiøse bloggen til James R. Davila - ein hyggeleg kar frå solrike San Diego i California som har slått seg ned i regnfulle St. Andrews i Skottland som professor. Jim er ei svært oppdatert og påliteleg kjelde til det meste av det som rører seg på nettet med relevans for antikk jødedom.

Ralph the Sacred River er ein blogg noko meir prega av personleg innhald. Men bak den står ein framifrå yngre Qumran-forskar, Edward Cook, ekspert på arameisk språk.

Om du er meir interessert i Det nye testamentet, er Mark Goodacre sin NT Gateway Weblog ein svært god inngang.

Og Noreg har sin eigen bibliobloggar i verdsklasse: Stavanger-professoren Torrey Seland driv Philo of Alexandria Blog, saman med Kåre Fuglseth i Bodø.

Ikkje heilt bibelsk, men eg tek den med likevel: rogueclassicism er mellom mine desiderte favorittbloggar. Men så har eg latinartium frå Hamar Katedralskole, årgang 1977 ...