21.7.08

Nye bibelfragment!

Eg er vanlegvis sparsam med utropsteikna, men i dag er dei på sin plass. På heimesida til Institute for Judaism and Christian Origins har James H. Charlesworth publisert to hittil ukjente bibelfragment frå Qumran-hule 4. Det eine inneheld tekst frå 5. Mosebok 27,4-6, det andre frå Nehemja 3,14-15. Dette er det første eksemplaret av Nehemjas bok som er funne i Qumran. Teksten frå 5. Mosebok er interessant mellom anna fordi den ligg nærmare den samaritanske teksttradisjonen enn den såkalla masoretiske standardteksten.

Eit funn som dette vil aldri skape store overskrifter i verdspressa, men for bibelforskarar er det mykje meir interessant enn det meste laussalsavisene finn på å slå opp. Amerikanske James Charlesworth, som har lagt sine rause og grundige førstepublikasjonar ut på nett, er ein verdskjent autoritet på dette området. Fragmenta har tydelegvis vore i privat eige. Charlesworth finn grunn til å tru at dei verkeleg kjem frå Qumran (eit opplagt spørsmål å stille ved slike høve).

For vidare diskusjon, følg Jim Davila på Paleojudaica.com - han tok doktorgraden sin på bibelmanuskript frå Qumran. Det er Jim West som har gjort dei fleste bibelbloggarar merksame på dette stykket godt nytt.