24.7.08

Codex Sinaiticus

I dag opna vevstaden Codex Sinaiticus. Det har ingenting med Qumran å gjere, men det er ei viktig hending i den bibelske verda. Codex Sinaiticus er eit av verdas eldste fullstendig bevarte bibelmanuskript, produsert på 300-tallet e. Kr. og lenge med bustad i det berømte Katarina-klosteret på Sinai. Handskriftet inneheld den greske omsetjinga av Det gamle testamentet (Septuaginta) og heile Det nye testamentet på grunnspråket. For NT er dette eitt av dei to viktigaste tekstvitna (det andre er eit liknande manuskript i Vatikanbiblioteket). Vevstaden blir det einaste høvet du får til å sjå heile manuskriptet, for sidene er no spreidde på fleire ulike europeiske institusjonar.

Enno er berre delar av handskriftet lagt ut, digitaliseringa vil ta eit års tid til. Eg har så vidt vore inne og sett, og så langt er eg imponert over kvaliteten på den digitale presentasjonen.

I The Times (tips frå Jim Davila på Paleojudaica.com) kan du lese at "The story of the Codex Sinaiticus Bible, the oldest complete copy of the New Testament in existence, reads like a script from an Indiana Jones film." Det er heilt sant.