3.8.07

Flickr

er, som mange vil vite, ei teneste der du kan leggje fotoalbumet ditt ut på internett, i det minste dei fotografia du vil dele med andre. På Flickr finn du no om lag 1000 fotografi med motiv frå Qumran, seinast ein serie frå brukaren med brukarnamn dgrushko (frå månadsskiftet juli-august 2007). Stort sett er det dei vanlege turistmotiva du finn her, men det er interessant nok. Mellom anna finn du bilete tekne til ulike årstider. Ei ulempe er at dei fleste bileta har ingen eller upresise opplysningar om motivet. Litt hjelp kan du få av rundturen her på qumran.no.