12.4.07

Utstilling (USA no att)

Dødehavsrull-utstillingane i USA vil ingen ende ta. Frå 29. juni og ut året er det San Diego Natural History Museum som tek over hegemoniet. Det har dei tenkt å gjere til gagns, med "the largest, longest, most comprehensive ever assembled in any country", seier dei. Dei har i alle fall bygd opp ein vevstad som er framifrå og vel verd eit besøk. Og skulle du slumpe til å vere i California ein gong i løpet av året, veit du kor du skal.