24.10.06

Hadde Golb rett?

Ein artikkel med tittelen "U. of C. professor may be right after all" har vore flittig sitert og kommentert på nettstader med interesse for Qumran og antikk jødedom dei siste dagane. Eg har ikkje registrert meg hos Chicago Tribune (orkar ikkje meir reklame-epost). Men no har Jim Davila gjeve eit raust resyme av innhaldet på PaleoJudaica.com.

Norman Golb er Chicago-professoren bak ein av dei meir interessante "alternative" Qumran-teoriane. Svært urettvis kortform: Qumran var eit militært anlegg, ikkje ein religiøs busetnad. Bokrullane i holer like ved har i utgangspunktet ingen ting med bygningane å gjere, det handlar om eit eller fleire store og verdifulle bibliotek frå Jerusalem som blei berga ut av byen og gøymt under den store jødiske oppstanden mot romarane på 60-talet etter Kristus. Denne berginga av ein nasjonalskatt i krigstid har eg gjerne samanlikna med aksjonen for å berge gullbehaldninga til Noregs Bank ut av landet under den tyske okkupasjonen.

Grunnen til at Golb på ny er blitt aktuell, er dei nye arkeologiske resultata som Fartein Valen-Sendstad og Torleif Elgvin nyleg har diskutert i Vårt Land (og på denne bloggen). Mitt syn er framleis: Det er vanskeleg å tenkje seg at rullane ikkje skulle ha noko med Qumran-bygningane å gjere. Når det er sagt: Ein må bort frå det tradisjonelle romantiske synet på Qumran som eit isolert klostersamfunn utan kontakt med omverda. Eg trur dei som budde i Qumran, høyrde til ei spesiell gruppe. Men eg trur òg at denne gruppa hadde medlemmer over heile Judea, og at dei stod i nær kontakt. For øvrig kan eg vise til den korte diskusjonen til Jim Davila, han seier mykje fornuftig.