5.3.06

Myntfunn

Nytt funn i holer nær Dødehavet, denne gongen ni sølvmyntar frå tida for Bar Kokhba-opprøret (132-135 e. Kr.). Det er Netscape News som formidlar denne meldinga frå nyhendebyrået AP, med ein kommentar frå arkeologen Hanan Eshel.

Dette er ei fin påminning om at Qumran-ruinen ikkje er den einaste staden for arkeologiske funn i den såkalla "Juda ørken", som slett ikkje er så aude som namnet kan gje inntrykk av. Det er gjort funn som kan daterast frå jernalderen og frametter, og fleire funnstader har tilknyting til Bar Kokhba-oppstanden. Opprørsleiaren Simon ben Koziba, også kalla Bar Kokhba - "Stjernesonen" - blei proklamert som messiansk konge av rabbi Akiba. Det finst fleire historiske dokument som kastar lys over han, det er til og med funne brev han sjølv har skrive. Bar Kokhba gjev også eit interessant høve til å studere mytedanninga kring ein messiansk figur - like til den moderne israelske nasjonalmyten. Ei av dei mest inspirerande fagbøker eg har lese, Yael Zerubavel, Recovered roots: Collective memory and the making of Israeli national tradition (1995), nyttar Bar Kokhba-tradisjonane som gjennomgåande eksempel.

Omfanget og forløpet av opprøret er det ikkje mogleg å danne seg noko heilt klart bilete av. Men det skal ha enda med eit blodig nederlag.

Denne saka minner meg om at eg vel ikkje har skrive noko på qumran.no om myntfunna i Qumran-ruinen. Det er funne ein heil del myntar der, også frå desse åra. Ifølgje Ferdinand Rohrhisch sin Qumran-database (som visst dessverre ikkje blir oppdatert meir) handlar det om seks stykke. Den forlatne Qumran-ruinen blei tydelegvis brukt som motstandsreir under denne oppstanden. Myntane som no er funne, kjem kan hende frå ein liknande gøymestad for opprørarar. Det fanst fleire slike i "Juda ørken".

Som så ofte elles, eg er blitt merksam på denne meldinga via Jim Davilas PaleoJudaica.com, stadig ei framifrå kjelde for den som vil orientere seg om nyhende med tilknyting til jødedommen i antikken.

Oppdatering, 06.03.06: Ein skal alltid sjekke datoen på eit produkt (Netscape News-meldinga var udatert). Myntfunnet er ikkje riktig så nytt, det blei gjort for tre år sidan i nærleiken av En Gedi ved Dødehavet. Sjå Jim Davilas oppdatering.