13.3.09

Forskingsbloggetikk

Golb-skandalen (sjå tidlegare postar, 6.-7. mars) har, ikkje uventa, fått ein del merksemd i Israel, mellom anna i den leiande avisa Ha-arets (12.03.2009). Pappa Norman Golb blir intervjua. Han kjem mellom anna med følgjande høgst oppsiktsvekkjande utsegn:
"Raphael, my son, is very devoted to my research. He realized years ago that there was an effort to close the door on my opinions. And so he started debating bloggers who were against me, using aliases. That's the custom these days with blogs, as I understand it," Norman Golb said.
Nei, dette er slett ikkje rekna for god tone i faglege ordskifte, og Golb blir da òg sett greitt og tydeleg på plass både av Jim West og av Jim Davila/PaleoJudaica. Vitskaplege teoriar bør neppe forsvarast ved hjelp av denne typen akademisk spam: Om du finn opp ei rad identitetar og spreier innlegg i store kvanta i ulike internett-medium for å stø ein vitskapleg teori, blir ikkje teorien så mykje meir truverdig. Dei to bloggarane har vituge analysar av andre sider ved saka òg, Davila er nok den mest nøkterne kommentatoren av dei to.

Oppdatering, 14.03.2009: Mange bloggarar har kommentert Golb-saka dei siste dagane, men to finn eg særleg lesverdige:
  • Mark Goodacre (leiande bibelforskarbloggar) skriv om "The Ethics and the Practicalities of Blogging in the wake of the Raphael Golb affair" (13.03.2009)
  • På bloggen Feminist Law Professors skriv Ann Bartow om "Criminal Charges for an Accused Cyberbully" (13.03.2009). Denne posten er interessant av to grunnar, for det første fordi den er skriven av ein jurist (medan det meste eg elles har sitert, er skrive av religionsforskarar), for det andre fordi posten inneheld lange sitat frå ein artikkel om Golb-saka i The Chronicle of Higher Education (betalingsteneste). Der blir det mellom anna sett søkjelys på rolla til Robert R. Cargill i opprullinga av saka.