31.12.07

Gabriel att

Alt i mai refererte qumran.no ein rapport frå Årstein Justnes om "Gabriels visjon", ein nyfunnen Qumran-tekst (om den er ekte ...) skriven på stein. Verdas første forskarseminar over teksten blei halde i Oslo 24. mai i år. Seminaret må seiast å representere forskingsfronten. Først no kjem resten av den akademiske verda etter. Jim Davila (paleojudaica.com) og Søren Holst (PergaMent) har begge skrive om teksten no i desember, og det kjem nok meir diskusjon. Søren er i full gang her.