Trever hadde ei heilt spesiell rolle i Qumran-forskingas aller første kapittel: Det var han som under svært vanskelege forhold tok dei første fotografia av skriftrullane som i februar 1948 dumpa inn på American School of Oriental Research i Jerusalem. Trever var den lengstlevande utgjevaren av pionerpublikasjonen The Dead Sea Scrolls of St. Mark's Monastery (1951), som han var ansvarleg for saman med Millar Burrows og William Brownlee, førsteutgåva av den store Jesajarullen 1QIsa a, av Disiplinrullen 1QS og av Habakkuk-kommentaren 1QpHab. Denne publikasjonen, saman med Trevers eiga The Dead Sea Scrolls: A Personal Account (1965/1977) er mellom klenodia i mitt personlege Qumran-bibliotek.
Meldinga om dødsfallet er formidla både via e-postlista Megillot og på PaleoJudaica.com.
Oppdatering, 02.05.2006: Og no kjem nekrologane. Den frå Associated Press er attgjeven mellom anna på HeraldTribune.com. Sonen fortel (og alt han seier, er sant):
it was by chance that his father was in Jerusalem doing unrelated research when Father Boutros Sowmy brought several scrolls to the American School of Oriental Research in February 1948 that were said to have been found in a cave the year before by a Bedouin shepherd.
Trever was experienced in photographing ancient scrolls and quickly took pictures of the finds. He had immediately recognized a similarity between the scrolls' script and that of the Nash Papyrus, at the time the oldest known biblical manuscript.
He is credited as being the first American scholar to come in contact with the scrolls in the James VanderKam and Peter Flint book "The Meaning of the Dead Sea Scrolls: Their Significance For Understanding the Bible, Judaism, Jesus, and Christianity."
His photos continue to appear widely in books and articles on them.
04.05.2006: Nekrolog i Los Angeles Times. Via PaleoJudaica.com.