20.8.09

Grunnboka (dansk)

Søren Holst har ei verkeleg gladmelding på bloggen i dag: Den danske utgåva av den fellesnordiske grunnboka Dødehavsrullerne. Indhold, historie, betydning, redigert av Bodil Ejrnæs, er utkomen. Dette er eit fellesprosjekt som har engasjert heile armeen av nordiske Qumran-forskarar, og det er faktisk ikkje så få. Norske bidragsytarar er Torleif Elgvin og Årstein Justnes. Det kjem ei norsk utgåve, men når?

Dette er eit imponerande ambisiøst prosjekt på eit såpass avgrensa språkområde som det nordiske. Denne boka bør finnast i kvar møblert heim! Men du kan altså vente på den norske utgåva.