23.3.09

Essæerne der blev væk

PergaMent skriv Søren Holst om "Essæerne der blev væk ... ?":
Hvad angår Dødehavsrullerne, skal jeg gerne gentage, hvad jeg ofte har sagt før: Rullerne tilhørte måske nogen, der boede i Qumran og som måske var essæere og som måske selv havde skrevet op til en tredjedel af rullerne (sandsynligvis mindre). Men ingen fornuftige mennesker tror længere, at Dødehavsrullerne udelukkende består af essæiske skrifter. Samlingen er et blandet jødisk bibliotek."
Dette er i grunnen nett den presiseringa som trengst av artikkelen i Morgenbladet sist fredag.

20.3.09

Nå på norsk

Morgenbladet i dag (20.03.09) er, så vidt jeg kan se, først ute på norsk med rapporter om den senere tids to store Qumran-saker. Prioriteringen er helt riktig, Rachel Eliors bok (som ennå ikke er på markedet) er viktigere enn arrestasjonen av Raphael Golb. Fra Jerusalem melder Hans Henrik Hafner:
I mer enn 60 år har historikere ment at «forfatterne» bak Dødehavsrullene var essenerne, en mystisk sekt fra i fjellene i Qumran. Der, ved nordenden av Dødehavet, levde de et asketisk liv og nedtegnet sine religiøse erfaringer. Nå møter denne bredt aksepterte teorien motstand, nærmere bestemt av Rachel Elior, professor i jødisk tenkning ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem.
Artikkelen er dessverre på ingen måte oppdatert. Qumran-forskningen er langt mer avansert og debatten mye mer nyansert enn oppslaget kan tyde på. Jeg har ikke tid til å gå i detaljer, men la meg kommentere et par viktige punkter på morgenkvisten.

1. Bildet av Qumran som et romantisk og isolert munkesamfunn i ørkenen er utdatert. Mange av oss setter fremdeles Qumran-ruinen i forbindelse med det religiøse partiet Josefus og Filo omtaler som "essenere". MEN vi oppfatter "essenerne" (eller hva de nå skal kalles) som en mye bredere bevegelse, både geografisk og i antall. Sannsynligvis var bevegelsen langt mindre marginal, og langt mer representativ, for samtidig jødedom enn det de første "kloster-teoriene" ville ha det til. Her har Elior rett, men dette er ikke radikalt.
2. Ad setningen "Raphael Golb mener akademiske motstandere av hans far er antisemitter som fornekter forbindelsen mellom dødehavsrullene og etablerte jødiske institusjoner." Dette er korrekt referert, men det bør legges til at professor Lawrence Schiffman, som leverte anmeldelsen som førte til pågripelsen av Golb, er ortodoks jøde og neppe kan beskyldes for antisemittisme.
3. Faktisk minner Rachel Eliors teori mer om Lawrence Schiffmans (S. har satt Qumran-rullene i forbindelse med saddukeerpartiet) enn om Norman Golbs "riksarkiv"-teori.

Jeg håper noen av kollegene har tid til å følge opp Morgenbladets oppslag. Det er interessant, men det må presiseres på mange punkter.

18.3.09

Noe nytt

Langt mer interessant er debatten om Rachel Eliors dekonstruksjon av essenerne. PaleoJudaica.com følger med - og rydder opp i de groveste misforståelsene til journalistene (ikke til Elior, hun blir tatt høyst seriøst).

Intet nytt

om Raphael Golb-saken, men svenske Dagen 18.03.09 har det første oppslaget om saken jeg har registrert i skandinaviske medier.

17.3.09

Forfattermangel

Det ærverdige magasinet Time har Dødehavsrullene høyt på lista denne uka (16.03.2009). Under den litt pussige overskriften "Scholar Claims Dead Sea Scrolls 'Authors' Never Existed" presenteres den israelske forskeren Rachel Elior. Det er våre venner essenerne det handler om: "Now a prominent Israeli scholar, Rachel Elior, disputes that the Essenes ever existed at all - a claim that has shaken the bedrock of biblical scholarship." Det siste er nå en mild overdrivelse (Jim Davila: "There's not much new in the article apart from the bombastic hype. Sigh."). Ifølge Elior er de såkalte "essenerne" en litterær konstruksjon av den jødiske historieskriveren Josefus. Dette kan bli en interessant diskusjon. Men merk at mange av oss som er tilhengere av en eller annen variant av den såkalte "essenerhypotesen", faktisk kan fortsette nesten som om ingenting har hendt, selv om vi skulle miste navnet "essenere": Vi kan fortsette å mene at Qumran-biblioteket er levninger etter en jødisk religiøs gruppe med noe andre kjennetegn enn partiene vi kjenner fra Det nye testamente, fariseerne og saddukeerne. Personlig tror jeg nå ikke essenerne lar seg avlive fullt så lett heller. Rachel Elior har selv skrevet dette innlegget, som blir fulgt av en livlig debatt.

13.3.09

Forskingsbloggetikk

Golb-skandalen (sjå tidlegare postar, 6.-7. mars) har, ikkje uventa, fått ein del merksemd i Israel, mellom anna i den leiande avisa Ha-arets (12.03.2009). Pappa Norman Golb blir intervjua. Han kjem mellom anna med følgjande høgst oppsiktsvekkjande utsegn:
"Raphael, my son, is very devoted to my research. He realized years ago that there was an effort to close the door on my opinions. And so he started debating bloggers who were against me, using aliases. That's the custom these days with blogs, as I understand it," Norman Golb said.
Nei, dette er slett ikkje rekna for god tone i faglege ordskifte, og Golb blir da òg sett greitt og tydeleg på plass både av Jim West og av Jim Davila/PaleoJudaica. Vitskaplege teoriar bør neppe forsvarast ved hjelp av denne typen akademisk spam: Om du finn opp ei rad identitetar og spreier innlegg i store kvanta i ulike internett-medium for å stø ein vitskapleg teori, blir ikkje teorien så mykje meir truverdig. Dei to bloggarane har vituge analysar av andre sider ved saka òg, Davila er nok den mest nøkterne kommentatoren av dei to.

Oppdatering, 14.03.2009: Mange bloggarar har kommentert Golb-saka dei siste dagane, men to finn eg særleg lesverdige:
  • Mark Goodacre (leiande bibelforskarbloggar) skriv om "The Ethics and the Practicalities of Blogging in the wake of the Raphael Golb affair" (13.03.2009)
  • På bloggen Feminist Law Professors skriv Ann Bartow om "Criminal Charges for an Accused Cyberbully" (13.03.2009). Denne posten er interessant av to grunnar, for det første fordi den er skriven av ein jurist (medan det meste eg elles har sitert, er skrive av religionsforskarar), for det andre fordi posten inneheld lange sitat frå ein artikkel om Golb-saka i The Chronicle of Higher Education (betalingsteneste). Der blir det mellom anna sett søkjelys på rolla til Robert R. Cargill i opprullinga av saka.

7.3.09

Nettkrigen om Qumran

Svært interessant bakgrunnsstoff og historikk om Qumran-relaterte internett-kampanjar i USA finn du på denne sida (URL oppdatert 08.03.09, wiki-versjonen kan bli stengd). Dokumentasjonen er samla og presentert av Robert R. Cargill, tilknytta UCLA og sentral i Virtual Qumran-prosjektet. Denne sida er òg godt oppdatert når det gjeld saka mot Raphael Golb, son til Norman Golb. Dette er ei fantastisk samling indisium, men merk setninga "However, for the purposes of this page, Raphael Golb will be considered innocent until proven guilty" - og merk (tilføyd 08.03.09) at Cargill sjølv har vore utsett for kritikk frå "Charles Gadda" alias ??.

Golb-nytt

Arrestasjonen av Raphael Golb i New York fredag blir drøfta og kommentert, særleg på forskarbloggar (les Jim West, han gjev dei beste oppdateringane), men jamvel i aviser og etermedium.

I dag vil eg gjere merksam på to særleg interessante oppslag frå gårsdagen. Det eine er frå New York Times (papirversjon 6. mars, nettversjon dagen før). Artikkelen gjev ei kortfatta, men presis, oppsummering av saka. Mot slutten kjem pappa Norman Golb, mannen bak teoriane som sonen visstnok skal ha støtta på uortodokse måtar, med følgjande bitre utsegner:
Reached at his office in Chicago on Thursday afternoon, Professor Golb said he was shocked at the allegations leveled against his son, who is a real estate lawyer and has a Ph.D in comparative literature from Harvard.

"My son is an honorable person," Professor Golb said. "He could not have done such a thing."

Professor Golb said that opposing scholars had tried to quash his views over the years through tactics like barring him from Dead Sea Scrolls exhibitions. He said he saw the criminal charges as another attack on his work.

"Don't you see how there was kind of a setup?" he said. "This was to hit me harder."
Jamfør liknande utsegner i Chicago Tribune: "'This has everything to do with the politics of the scrolls,' said Norman Golb, who declined to elaborate." Dette kan ikkje stå uimotsagt, eg skal kommentere seinare i posten.

Det andre oppslaget er eit intervju med Risa Levitt Kohn i National Post (Toronto). Ho er kurator for den store Qumran-utstillinga som har vore vist i San Diego, California. Til sommaren har ho ansvar for ei liknande utstilling i Toronto, Canada. Ho har vore kraftig kritisert av Norman Golb for å leggje til grunn for utstillinga ein bestemt teori om opphavet til Qumran-biblioteket. Utsegnene hennar er sjølvsagt eit partsinnlegg, men dei er haldne på eit sakleg nivå og speglar etter mi meining den aktuelle kontroversen på ein god måte. Lesaren må ta med i vurderinga at eg sjølv representerer det rådande majoritetssynet på desse spørsmåla.

Attende til Golb i NYT [klikk på "Les meir" for å sjå resten]:
Det er forståeleg at ein far reagerer med vantru når sonen hans blir råka av eit så alvorleg klagemål. Realiteten i dette er no ei politisak, vi andre får vakte oss for førehandsdømming.

Men konspirasjonsteoriane Golb set fram må avvisast blankt. Som det går fram av intervjuet med Kohn, av utsegnene til Lawrence Schiffman i same NYT-oppslaget, og av kommentaren til Jim West (Update IV og VII): Folk har høyrt teoriane til Golb, teke dei alvorleg, drøfta dei og forkasta dei.

Eg har høyrt Golb ein einaste gong, på ein stor internasjonal Qumran-kongress i 1997 i samband med femtiårsjubileet for funna. Konferansen varte ei heil veke, og den samla alt som kunne krype og gå av Qumran-spesialistar frå heile verda, religiøse og ikkje-religiøse, jødar, kristne, mormonarar, ateistar. Qumran-biblioteket blei drøfta frå alle moglege synsvinklar, av filologar, arkeologar, religionshistorikarar, teologar og naturvitarar (mellom anna var det ein svært interessant presentasjon om DNA-analyse av skinnet rullane er skrivne på). Det var skarpe debattar og stor usemje, som vanleg er i akademia. Alle fekk kome til orde.

Mot slutten av konferansen kom Norman Golb til orde. Da rulla TV-kamera og prosjektørar inn i auditoriet. Det var den einaste gongen under heile kongressen. Golb har vore flink til å få merksemd om teoriane sine, ikkje berre i akademia, men jamvel i det store offentlege rommet. Det er ikkje fritt for at han har spela på "den einsame rytter"-klisjeen, sanningsapostelen i kamp mot resten av verda.

Dette er noko av bakgrunnen for dei skarpe reaksjonane frå forskarhald i denne saka. Eit av klagemåla mot Raphael Golb er at han skal ha spreidd epostar og innlegg på Internett under ymse namn og på den måten gjeve inntrykk av at farens teoriar har brei støtte. Om dette er kriminelt eller berre moralsk forkasteleg, kan ein diskutere. Det som blir etterforska er vel ein mistanke om regelrett identitetstjuveri.


Oppdatering, same dag:
Også frå Chicago Tribune 6. mars:
Raphael Golb's attorney, Irena Milos, declined to comment Friday. In criminal court for his arraignment Friday, Golb did not enter a plea and was not required to do so. He was released on his own recognizance.

A spokeswoman for the district attorney's office said the investigation is ongoing but would not comment on whether Norman Golb is under investigation.
Son Raphael slepp altså varetektsfengsling, om eg forstår den juridiske engelsken rett.

6.3.09

Qumran-nettkriminalitet

Aktiviteten på qumran.no er ikke overveldende. Faktisk er Årstein Justnes' blogg for tida en langt mer oppdatert kilde til kunnskap om Dødehavsrullene og alt deres vesen (du må bare spole forbi alle logiene fra evangeliet etter Snåsamannen).

Men i går sprang det en bombe som i skrivende stund er i ferd med å sende sjokkbølger rundt i den Qumran-interesserte verden: Raphael Golb, sønn av Chicago-professoren Norman Golb, er arrestert i New York. Han er anklaget for å ha brukt falske identiteter på Internett til å støtte farens teorier om Qumran-biblioteket og rakke ned på motstanderne hans. Alvorligst er nok anklagen om misbruk av den svært anerkjente Qumran-forskeren Lawrence Schiffman. Du kan følge saken og finne oppdatert informasjon hos bloggere som Jim West, James Davila og Årstein Justnes.

Dette er svært trist for den akademiske debatten om Qumran-funnene. Jeg skal ikke gjøre noe forsøk på å følge utviklingen av denne saken og pressedekningen. De tre bloggerne jeg har nevnt, kommer nok til å gjøre det, og de er alle kompetente og pålitelige kommentatorer.

Derimot kan det være grunn til å minne om kontroversen som ligger bak. I "mainstream" Qumran-forskning er det fremdeles vanlig å knytte Qumran-biblioteket til en religiøs gruppe som den jødiske historikeren Josefus har kalt "essenerne", selv om en mengde detaljer ved denne såkalte "essener-hypotesen" er omdiskuterte. Norman Golb har vært den tydeligste og mest interessante motstemmen til dette hegemoniske synspunktet. Jeg har gitt følgende kortfattede presentasjon av Golbs teorier i denne artikkelen, under overskriften Qumran-biblioteket: Sekt-bibliotek eller nasjonalbibliotek?
De fleste forskere antar fortsatt at Qumran-biblioteket ble plassert i hulene av en religiøs gruppe som holdt til i Qumran-anlegget, og at dette ble gjort for å gjemme bøkene for romerske soldater under den store jødiske oppstanden på slutten av 60-tallet. Men diskusjonen om bosetningens karakter har også ført til at det er blitt lansert alternative hypoteser om skriftsamlingen. Den viktigste er knyttet til Norman Golb. Han bestrider forbindelsen mellom ruinen og hulene hvor det er funnet håndskrifter. Disse håndskriftene, hveder han, stammer fra forskjellige sentrale bibliotek i Jerusalem. Under den store krisen på 60-tallet e. Kr. ble bøkene transportert ut av hovedstaden og gjemt i huler på øde steder.

Det er ting som tyder på at mange av bøkene faktisk kom fra andre steder til Qumran. Det er f. eks. identifisert et påfallende høyt antall ulike håndskrifter. Men det er grunn til å fastholde at i hvert fall en del av bøkene ble produsert lokalt, av mennesker som bodde i Qumran. Funn av blekkhus, en sjelden gjenstand i arkeologiske utgravninger, er en av tingene som tyder på det. Dessuten taler flere avgjørende argumenter for å knytte hulene og ruinen sammen, og mot Golbs teori. For det første ligger enkelte av hulene slik til at en faktisk må gå gjennom bosetningen for å komme dit. For det andre er det funnet keramikk av en nokså spesiell type både i hulene og i ruinen. Og for det tredje har Golb en tendens til å undervurdere innslaget av tekster som røper at eierne hadde helt bestemte partisympatier.