16.8.06

Qumran utan rullar

Qumran var ein keramikk-fabrikk. Skriftrullane som er funne i holer i nærleiken, "Dødehavsrullane", har ingenting med Qumran-anlegget å gjere. Dette hevdar dei israelske arkeologane Yitzhaq Magen og Yuval Peleg, ifølgje Biblical Archaeology Review og New York Times (15.08.2006). Det er all grunn til å vurdere teorien seriøst, Magen er ein velrenommert israelsk arkeolog. Desse to er ikkje dei einaste som har prøvd å løyse bandet mellom skriftrullane og Qumran-anlegget dei seinare åra. Personleg har eg framleis vanskeleg for å tenkje meg at rullane er utan samband med ruinen. Dei næraste gøymestadene ligg slik til at ein må gå gjennom ruinen for å kome dit, og framleis er funnet av blekkhus i Qumran-ruinen eit sterkt indisium for skriftleg aktivitet på staden.

Den lærde diskusjonen er alt i gang, på diskusjonsgrupper som g-megillot (lukka forum). Eg er spent på kva som kan kome ut av dette.

Følg med på PaleoJudaica.com, Jim Davila er betre med oppdateringar enn eg er (sjå her og her).